Volda Skisenter ligg i vakre omgjevnadar med utsikt til Sunnmørsalpane. Vi ønskjer å vere «det familievennlege skisenteret» og har lagt til rette for dette med ein eigen familiebakke, i tillegg til storetrekket med sine nedfarter og trasear. I tillegg er det lysløyper og skiskytarstadion i umiddelbar nærleik. For dei ekstra spreke er Volda skisenter også eit glimrande utgangspunkt for ein topptur til Melshornet (807 moh.).
Den tilknytta varmestova er nyleg oppussa (2019), og innbyr til ein stopp for både ein tur i kiosken, varme og eit dobesøk. Rundt varmestova er det i tillegg grillar og bålpanner om du ønskjer å nytte dette.