Kvar vinter tek vi imot mange skular frå heile regionen til morosame og innhaldsrike aktivitetsdagar.
Vi tilbyr:
- Eit flott skianlegg med tre heiser og fleire trasear
- Alle bakkane ender same stad – det er enkelt å halde saman og finne kvarandre
- Så langt det let seg gjere har vi Røde Kors tilgjengeleg
- Ei flott varmestove med gode toalettfasilitetar
- Kiosk i varmestove er open på skuleskidagar dersom vi har folk til det
- Eit flott grillområde, benker utanfor varmestova og grindløde med benkar
- Eit godt preparert løypenett for dei som vil gå på langrennsski - heilt gratis!
- Utleige av ski, snøbrett, stavar og støvlar er gratis på skidagar for skular
Volda skisenter er driven på dugnad, og det har det vore sidan oppstart. Vi er ca. 50 personar på uteteam, 45 personar på inneteam og ca. 10 andre personar tilknytt trakke- og driftsteam.
Skulen må fylle ut skjema for førespurnad om skuleskidag på vår nettside med namn på skule, kontaktperson, fakturainformasjon, aktivitet og ca. tal på dei som ønskjer leige av utstyr.
Merk at vi har avgrensa med utstyr og vi vil oppfordre skulen til å sikre at dei som treng det mest får nytte seg av tilbodet om gratis skiutleige. Dei må sjølve møte opp i skiutleiga for å hente utstyr.
Skulane må sjølve ordne transport. Skulane bestemmer sjølv avreise frå skisenteret på skidagen.
Vi har fleire grillar som kan nyttast. Dersom det er aktuelt å nytte desse, ønskjer vi beskjed i forkant.
Volda skisenter er eit skisenter driven av frivillige, og vi må difor ta forbehold om at vi klarer å samle nok frivillige folk til å gjennomføre skuleskidagane. Fleire tek seg fri frå arbeidet sitt for å vere med, og det er difor viktig med tidleg dialog for å kunne planlegge dette best mogleg. Vi ber også om forståing for at det kan vere vanskeleg for skisenteret å endre planlagt dag i siste liten.
Prisar
Pris pr. skule for leige av skisenteret til skidag: 15.000 kr/dag eks. 12% mva
Om fleire skuler har skidag same dag er prisen pr. skule: 10.000 kr/dag eks. 12% mva
Med omsyn til bemanning på skuleskidagar kan vi ta imot maks 300 elevar på ein dag.
Ved endring av avtalt dag mindre enn 7 dagar før avtalt dato, påløper det 2.500 kr. ekstra leige eks. 12% mva. Det er ei føresetnad at ein klarer å endre dato med omsyn til tilgjengeleg mannskap og kapasitet i anlegget.
Ved avlysing av ein avtalt skuleskidag påløper det 5.000 kr eks. 12% mva.
For skikort, skidager og skikvelder påløper det 12% meirverdiavgift.
Faktura sendast til skulen etter gjennomført skuleskidag, og betalingsfristen er 14 dagar. Forseinkingsrenter vil kunne kome dersom faktura ikkje betalast innan forfall.
Volda skisenter ønskjer å vere «det familievennlege skisenteret» og har lagt til rette for dette med ein eigen familiebakke, i tillegg til storetrekket med sine nedfarter og trasear. På denne måten vil anlegget vårt vere perfekt for både skular, bedrifter, nybegynnerar og for dei vidarekomne. Begge trekka er tallerkentrekk.
Storetrekket er 880 m. langt og tek deg til toppen av Sandhornet (659 moh.) og har tre hovudløyper ned. Familiebakken er 300 m. lang og er tilpassa nybegynnerar og andre. I tillegg er det lysløyper og skiskytarstadion i umiddelbar nærleik. For dei ekstra spreke er Volda Skisenter også eit glimrande utgangspunkt for ein topptur til Melshornet (807 moh.).
Den tilknytta varmestova er nyleg oppussa (2019) og framstår i meget god stand. Her er det muligheit for kiosk, varme og eit dobesøk. Rundt varmestova er det i tillegg benkar, grillar og bålpanner om ein ønskjer å nytte dette.